Data frå andre leverandørar

Spesialtilpassa leveransar av data og produkt, produsert av andre leverandørar.

Meteorologisk institutt samarbeider med andre meteorologiske institutt i Europa, og har rett til å lisensiere all data som står i ECOMET-katalogen til tredjepart her i Noreg. Våre kommersielle aktivitetar er i denne samanhengen likestilt med tredjepart.

Ved levering av denne type data blir det sett opp ein spesialtilpassa leveranse av eigne og andre sine data og produkt som blir levert over ftp, eller på annan måte. Denne tenesten må ein betale for. Data og produkt som ikkje er produsert hos oss kan i tillegg ha ein eigen datakostnad. Kostnaden er oppgitt i ECOMET-katalogen under kvart einskild land sin produktoversikt.

Sjå www.ecomet.eu.

Data frå The European Centre for Medium-Range Weather Forecasts (ECMWF), som mellom anna produserer månads- og sesongvarsel, blir formidla gjennom Meteorologisk institutt. Meteorologisk institutt er “handling agent” for data frå ECMWF.

Sjå kva som blir tilbydd i katalogen til ECMWF

Prisoverslag blir gjort av MET basert på produkta ein ønskjer. Sjølve distribusjonen kan bli handsama av oss eller bli sett opp direkte frå ECMWF. I begge tilfelle kjem handteringskostnad i tillegg.

Satellittdata (AVHRR) frå the European Organisation for the Exploitation of Meteorological Satellites (EUMETSAT) blir formidla gjennom EUMETSAT sitt sekretariat.

Sjå EUMETSAT sine sider for nærare skildring av kva som er tilgjengeleg.