Høstferien blir varmere i Nord-Norge
Hausten er ein av sesongane som har størst oppvarming, så det er ikkje overraskande at haustferien også er varmare no enn før, seier klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt. , Foto: Ida Torsteinsen

Haustferien blir varmare i Nord-Noreg

Nord-Noreg er den landsdelen som har hatt størst oppvarming sidan 1900. Hausten er ein av sesongane med størst temperaturauking.

I Bodø har det blitt 0,7 grader varmare dei siste 30 åra, samanlikna med det vi kallar normalen – perioden frå 1961 til 1990. 

I Tromsø har gjennomsnittstemperaturen stige med 0,6 grader og på Finnmarksvidda har den stige med éi grad. Tala er for deito første vekene av oktober. 

– Det blir varmare i Nord-Noreg. Hausten er ein av sesongane som har størst oppvarming, så det er ikkje overraskande at haustferien også er varmare no enn før, seier klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet. 

Stasjon Gjennomsnittstemperatur 1961 til 1990 Gjennomsnittstemperatur 1990 til 2019 Endring Dagar med makstemperatur over 15 grader for 1961-1990 Dager med makstemperatur over 15 grader for 1961-1990
Bodø 6,4 grader 7,1 grader 0,7 grader 7 dagar 15 dagar
Bardufoss 2,8 grader 3,5 grader 0,7 grader 4 dagar 10 dagar
Tromsø  4,0 grader 4,6 grader 0,6 grader 1 dag 4 dagar
Karasjok

1,1 grader

1,9 grader 0,8 grader 0 dagar 0 dagar

Sihccajavri 

-0,2 grader 0,8 grader 1,0 grad 0 dagar 0 dagar

Her ser du korleis gjennomsnittstemperaturen og antal dagar med temperatur på 15 grader eller meir har endra seg for 1.-14. oktober på eit utval stasjonar i Nord-Noreg dei siste 30 åra i høve til normalen (åra 1961 til 1990). Kjelde: Meteorologisk institutt

Fleire varme haustdagar

Det blir også fleire varme dagar. I Bodø har det vore åtte fleire dagar med temperatur på 15 grader eller meir når vi samanliknar dei siste tretti åra med normalperioden. I Tromsø er det tre fleire dagar med temperatur på 15 grader eller meir.  

Når vi ser på dei to trettiårsperiodane er hausten den sesongen som har hatt størst temperaturauking.

– Nord-Noreg er den landsdelen som har hatt størst oppvarming sidan 1900. Hausten er saman med våren den sesongen som har auka mest, seier Tajet.

Slik blir haustferievêret 

Det er ein mild start på haustferien i nord i år, med mellom 10 og 15 grader dei fleste stadar. Her kan du sjå vêrvarsel for Nordland, Troms og Finnmark dei neste dagane.