glider
Kart over ruta på testrunden i 2017

Ubemanna havgåande fartøy skal samle inn vêrdata

Denne veka blir tre ubemanna havgåande fartøy sjøsette utanfor Bodø. Glidarane, som dei heiter, skal auke vår marine kunnskap ved å samle inn miljø- og vêrdata.

Fartøya vil gli omkring på norsk sokkel ut til eggakanten i Vestfjorden og utanfor Lofoten og Vesterålen fram til midten av september.

Ein av glidarane skal dykke, medan dei to andre skal gå i havoverflata. Fartøya er svært energieffektive og dreg nytte av bølger, vind og solenergi. Dei vil vere utstyrte med sensorar slik at dei kan samle inn kjemiske, fysiske og biologiske data frå hav og låge luftlag.  

Omfattande registrering

Dermed kan glidarane gjere det mogleg med kontinuerleg registrering av eit stort mangfald av parametrar: vêr, bølger, havstraumar, temperatur, salthaldigheit, vatnet sitt innhald av O₂ og CO₂, algeproduksjon, dyreplankton, fiskeyngel og marine pattedyr.

Innsamla data vil delvis bli sendt til land via satellitt, og delvis lagra om bord og henta ut ved visse intervallar

Prosjektet "GLIDER – ubemannede havgående forskningsplattformer" er finansiert av Norges Forskningsråd sitt program DEMO2000 og ConocoPhillips Norge. Prosjektet vert leia av Akvaplan-niva i Tromsø. Andre partnerar er Meteorologisk institutt, NIVA, UiT Norges arktiske universitet, Nord Universitet, Kongsberg Maritime, SIMRAD, Maritime Robotics, Offshore Sensing AS, Christian Michelsen Research og Aanderaa.

Ann-Kristin
Ann-Kristin Sperrevik

– Observasjonar av temperatur og salthaldigheit skal assimilerast i MET sin havmodell, fortel intern prosjektleiar Ann Kristin Sperrevik. – Dette blir eit første forsøk på å gjere oss nytte av brukarobservasjonar og autonome plattformar i operasjonell samanheng. I etterkant av kampanjen skal MET også talfeste i kva grad desse observasjonene er med på å forbetre havvarsla, fortel Ann Kristin.

Fleksibelt og effektivt

Innsamling av data med glidarar gjer at miljødata kan samlast inn med større spreiing i tid og rom enn tradisjonelle innsamlingsmetodar kan få til. Datainnsamlinga blir meir fleksibel og kostnadseffektiv, og det ligg til rette for både lange tidsseriar og kontinuerleg miljøovervaking. 

Prosjektet vil også, i samarbeid med brukarar, utvikle eit system for å framstille og forvalte datamaterialet som blir samla inn. Data vil då kunne skreddarsyast til ulike brukarar sine behov. Aktuelle marknadar er næringsaktivitetar innanfor petroleum, fiskeri, akvakultur og mineralar, offentlege myndigheiter og forskingssektoren. 

Sjå pressemelding (PDF)

Frå testrunden i august 2017. Då vart fartøya testa ut i same område.