Arendal
Vêrstasjonen Eik-Hove står ute i Hovsvatnet under ekstremvêret Synne, 6. desember 2015., Foto: Jon Atle Eie/NVE

Kva er eit ekstremvêrvarsel?

Ein sjeldan gong kan vêret bli til stor fare for liv og verdiar, dersom samfunnet ikkje er førebudd. Eit ekstremvêrvarsel er ei vêrhending på raudt nivå som har fått namn. Sender Meteorologisk institutt ut eit slikt varsel, bør du sette i gang tiltak som sikrar verdiane og reduserer øydeleggingane.

Vêrfenomen som kan føre til eit namngitt ekstremvêrvarsel:

  • Sterk vind
  • Mykje regn
  • Snø
  • Vannstand, eventuelt med høye bølger
  • Kombinasjon av vêrelement ovanfor som til saman utgjer ein fare, men som kvar for seg ikkje oppfyller varslingskriteria

Overordna regel for å sende ut namngitt varsel om ekstreme vêrforhold er at det er sannsynleg at vêret vil føre til svært store skadar eller ekstraordinær fare for liv og verdiar i eit stort nok landområde (landsdel/fylke/vesentleg del av fylke).

Ekstremvêrvarsel vil bli oppdaterte innan kl. 13, 18 og 06.

Les også: hvor du finner farevarslene