Skjermbilde 2020-05-26 kl. 14.08.36
Foto: Mai-Linn Finstad Svehagen

Styrtregn

Farevarsel på styrtregn blir sendt ut på gult og oransje nivå når intens nedbør varer mindre enn kring 3 timar. Styrtregn kan kome frå seint på våren til seinsommaren.

Styrtregn (konvektiv nedbør) er kraftig regn med kort varigheit, ofte omtalt som bygevêr i varsel frå meteorologen. I bygevêr kan det vere tørt ein stad, medan regnet høljar ned like i nærleiken. Det at det regnar så intenst over en kort tidsperiode gjer at det svært ofte blir utfordringar med overvatn, og særleg då i tettbygde område, på vegar eller andre stadar med mange tette flater eller dårleg drenering. Lyn, tore, hagl og kraftige vindkast høyrer ofte saman med styrtregn. Andre moglege konsekvensar er bekke- og elveløpsendringar, og jord- og flaumskred der regnbygene treffer. Eit styrtregnvarsel kan bli sendt ut kort tid før regnet treffer, og det vil ikkje bli sendt ut eigne flaum- og jordskredvarsel frå NVE.

I farevarselet for styrtregn blir det nevnt ein frå-og-til periode der det er sjanse for styrtregn på gult eller oransje nivå. Dette betyr ikkje nødvendigvis at vi forventar nedbør i heile varslingsperioden i heile varslingsområdet. Dette kan i nokre tilfelle bety at eit farevarsel for styrtregn nokre stader (satt på spissen) kan ha blå himmel og sol når farevarselet startar (eller sluttar). Styrtregn vil ofte utvikle seg på kort tidsskala, og flytte seg raskt, derfor kan dette skje. Dette avvik frå farevarselet for regn, der farevarselet etter beste anslår nøyaktig når regnet startar og sluttar, inkludert anslag av total mengde. Farevarsla skil mellom “Styrtregn” og “Regn” ettersom dette har mykje å seie for usikkerheita til prognosane og dei tilhøyrande skadeutfordringane. Eit farevarsel for regn har langt større varslingsikkerheit enn eit farevarsel for styrtregn. For meir informasjon om regn, sjå her.

Det blir ikkje sendt ut ekstremvêrvarsel (raudt nivå) for nedbør som varer mindre enn 6 timar. Oransje nivå er høgste nivå; “Svært kraftig styrtregn” og kan gi generelle skadar i det området som blir råka av den intense nedbøren. Farevarsel om styrtregn er eit nytt varsel, og det er nødvendig med meir erfaring om varsling, kriterium og konsekvensar før raudt nivå eventuelt innføres.

Det farlege styrtregnet er som oftast særs lokalt, sjølv om varselet er sendt for eit større område; nokre stader vil berre få vanleg bygevêr og andre får ikkje nedbør i det heile teke. Nedbøren i bygene blir som oftast danna i skyer som strekker seg høgre enn 2000 meter, og er lite påverka av fjell. Skyene er oftast størst når det er varmast utpå ettermiddagen. Viss lufta er ustabil nok og oppvarminga er tilstrekkeleg kan desse skyene utvikle seg til torekyer. Ved kraftige byger kan ein oppleve aukande vind ved bakken kort tid før eller etter bygene.

Nedbørverdiar for gult og oransje

Figurane under syner omtrent kva kvart farenivå tilsvarer i millimeter nedbør ulike stadar i landet.

Farevarsla skal vere baserte på venta skadeomfang, det vil seie at ein analyse av vêrutvikling, demografi, infrastruktur og jordsmonn også skal vere med i vurderinga.

Tidlegare hendingar viser at ei typisk ettermiddagsbyge om sommaren gir 10 til 20 millimeter på under 30 minutt. Når vi observerer meir organisert bygeaktivitet og stillestående vêr kan det kome så mykje som 100 millimeter på omkring 3 timar.

Meir om styrtregn

1-times nedbør

1-times nedbør

3-timars nedbør

3-timars nedbør