photo-1473304359707-d6059a32cf1d
Foto: Charlie Deets / Unsplash

Det spesielle vêret her nyleg... Var det eit prov på klimaendringane?

Vi kan ikkje seie at vêret éin dag er eit prov på klimaendringar.

Klimaendringar er forandringar i det typiske vêret over lengre tid, medan ei vêrhending skjer på eit spesifikt tidspunkt. Det betyr at ein ikkje kan motprove global oppvarming fordi det ei kort periode er veldig kaldt. 

Samstundes førekjem ulike typar ekstremvêr, som varmebølgjer og styrtregn, oftare og oftare. Enkelte hendingar, til dømes den varme, tørre sommaren 2018, ville vere høgst usannsynleg utan klimaendringane. Slike periodar med veldig lite nedbør, eller periodar med masse nedbør, er heilt i tråd med klimamodellane sine prognoser. Og vi forventar meir ekstremvêr i framtida.

Meir lesestoff?

Last ned rapporten "Tørkesommeren 2018".