photo-1427915911419-0cccc58ab120
Foto: Roxane Clediere / Unsplash

Kva er eigentleg skilnaden på vêr og klima?

Vêret er det vi kler oss for, medan klimaet er det vi bygger for.

Vêret er det vi til ei kvar tid opplever utandørs av vind, temperatur og nedbør. Klimaet, på si side, avgjer kva slags vêr som er rimeleg å forvente i eit område. Éin måte å skildre klimaet på er som gjennomsnittleg vêr over lang tid, gjerne fleire tiår. Men omgrepet klima rommar òg ulike typar ekstremvêr, og kor ofte desse kan ventast.

Klimaet fortel ikkje spesifikt korleis vêret blir ein viss dag, men det gir ein peikepinn på kva slags vêr som er innanfor rimelege grenser.

Det er til dømes på grunn av klimaet på Mallorca at vi vel å dra dit på sommarferie. Vi veit ikkje spesifikt korleis sommarvêret blir, men det er rimeleg å forvente dagar med forholdsvis høge temperaturar og klart vêr. 

Det er viktig å skilje mellom vêr og klima. Det kan nemleg vere bitande kaldt éin dag eller eitt år - sjølv om den gjennomsnittlege temperaturen aukar over tid.

Meir lesestoff:

Store Norske Leksikon: Klima

Store Norske Leksikon: Vær