photo-1541360389723-5f230196b9e5
Foto: Bit Cloud / Unsplash

Korleis påverkar klimaendringane Noreg?

Det blir varmare og våtare, og vi får større variasjon i vêret.

I Noreg har den gjennomsnittlege temperaturen auka med over éin grad celsius sidan 1900. Det aller meste av temperaturauken har skjedd dei siste 20 åra. Det gir meir fukt i atmosfæren, og meir nedbør. Sidan 1900 har nedbørmengda auka med 20 prosent. Vi har fått fleire dagar med regnvêr, men òg ein auke i kraftig nedbør - og auken vil halde fram, ifølgje klimaforskarane sine prognosar.

Dessutan aukar etter alt å dømme sjansen for tørkeperiodar og varmebølgjer. Antalet varmebølgjer har stige, den knusktørre våren og sommaren 2018 er eit slikt døme. Det hadde store konsekvensar for landbruket, som tapte avlingane sine fordi det ikkje kom noko regn og dei ikkje hadde nok fôr til dyra. Merkelege vêrår som 2018 kjem vi til å få fleire av i Noreg.

Trenger du meir lesestoff?

Norsk Klimaservicesenter: Klima i Norge i 2100

Norsk Klimaservicesenter: Klimaprofiler